torsdag 21. mai 2009

Historisk hending i USA!

"Det er spennende å ta tak i en ordentlig krise som Falklandskrisen, når man under halve sitt politiske liv har syslet med så kjedelige saker som miljøet" Margaret Thatcher
Det er nå skjedd eit historisk fall i utslippa av klimagassar i USA på heile 2.8 %. Heilt sidan målingane av klimagassutslipp i USA byrja har det aldri vore ein så høg nedgang, som truleg skuldast finanskrisa og høge bensin- og dieselprisar. Som tidlegare nevnt må utslippa kuttast med 50 % innen få år for å forhindra global oppvarming. Når eit fall på 2.8 % vert historisk visar det kor langt igjen vi har å gå før vi når målet. Men sjølv om Bellona trur at utslippa kjem til å stiga att når vi får betre råd har vi iallefall tatt eit skritt i riktig retning, og er difor ikkje så freista til å snu. Betre råd treng ikkje nødvendigvis å føra til ei auke i klimagassutslippa, men heller eit større fokus på klimatiltak!
Kven sa at miljøsaker er kjedelige?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar