mandag 2. februar 2009

Nynorsk <3

Denne hugleiksfylte delen av det norske språk som er til pest og plage for kvar ein østlending som snakkar bokmål, skriv bokmål og er imot alt som kan trua bokmålens plass på toppen av kransekaka. Men med sine vene ord og omgrep, tek nynorsken eit fast armtak kring kvar ein staut vestlending og slepp ikkje før deiras dagar er talte.

Omkring samstundes som Knut Knudsen byrja å fornorska dansken til riksmålet, som seinare vart kalla Bokmål, reiste Ivar Aasen omkring i vårt vidstrakte land. Alt i 1849 presenterte han ein tekst på "landsmålet", som han kalla datidas nynorsk. Sjølv om Knudsen og Aasen prøvde å laga eit norsk språk i den patriotiske perioden etter dansketida, gjorde dei det med utgangspunkt som var annleis, og derfor er ikkje bokmål og nynorsk like idag. Aasen gjekk omkring på landsbygda og samla inn dialektar derfrå, og ut fra dei lagde han nynorsk. Bokmål, derimot er eit resultat av Knudsens fornorsking av dansk. Derfor er utgangspunktet til nynorsk meir "norsk" enn bokmålet sitt.

Som vestlending føretrekk eg nynorsk, og syns det ikkje er rett å fjerna sidemålet fordi det er "for vanskeleg". Nynorsk er det språket som opprinneleg kjem frå Norge, og sjølv om bokmål er meir utbredt, og nok alltid vil vera det, er nynorsk fortsatt ein stor del av Noregs identitet, kultur og arv. Eg meiner ikkje at nynorsk skal overta for bokmål, berre at det ikkje skal forsvinna fordi det er litt for vanskeleg, litt for norsk.

På skulen, i tillegg til den vanskelege nynorsken, må kvar elev læra matte, historie, og fleire andre språk, men høyrer me at dei klagar? Nei, det er heilt greit å læra både engelsk og fransk, men nynorsk, det vil dei vertfall ikkje ha. Det er forståeleg at folk syns det ikkje er lett å læra 2 variantar av same språk, men finst det ikkje både amerikansk engelsk, australsk engelsk og britisk engelsk?

Så kva står me att med? Eit land med to skriftspråk, om ein ikkje reknar med samisk, og ei mengde irriterte østlandsungdom? Då er det berre å gå til verks med å markedsføra nynorsk på lik linje med bokmål. Bøker og ukeblad må bli skrivet på nynorsk, filmer bør tekstas på nynorsk, og me må ha fleire internettsider på nynorsk. Er ikkje dette tiltak som kan hjelpa? For kva er grunnen til at dei fleste er betre i bokmål enn nynorsk. Jo, det er fordi det nesten berre er bokmål i media osv. Så den synlege årsaken til at nynorsk er som komla, som vert skugga for av bokmålets danish coocies, er at det ikkje blir brukt nok. Derfor, vær ei komla, bruk nynorsk!