søndag 3. mai 2009

Distriktpolitikk

No har eg kome til bokstaven D, og har derfor valg å skriva kort om KrFs distriktpolitikk.
For utanfor byane ligg distrikta. På grunn av det meir og meir velkjende fenomenet "urbanisering", flytter folk frå bygda til byane. Det er blant anna fordi studie-, jobb- og attraksjonstilbodet er mykje større og sentralisert der. Men siden Noreg er avhengig av at det faktisk bur nokon på bygda, er dette ein sak KrF har ei meining om.

Ein ting som kan føra til ein moturbanisering, er at bygda blir meir attraktiv. Derfor vil KrF for det første at det skal koma fleire studietilbod i distrikta slik at ikkje alle studentane reiser frå bygda når dei skal studera, men har eit anna tilbod. KrF vil òg at avstandskostnadane for å koma seg frå A til B i distrikta skal reduserast gjennom ein forbetra infrastruktur.

Ein anna ting som er viktig med distriktspolitikk, er at det blir skapt spenande arbeidsplassar på bygda. Derfor vil KrF satse på å utvikle kunnskaps- og næringsparkar i distrikta. Det er òg viktig å framheva dei arbeidsplassane som allereie er på bygda, til dømes fiskeri og landbruk, men det kjem eg nok tilbake til seinare.

Når ein snakkar distriktspolitikk er det viktig å ikkje gløyme borna. Derfor meiner KrF at eit utvida spekter av kulturopplevingar, særlig for borna, er viktig for at ein moturbanisering nokon gong skal skje. Distriktpolitikk er viktig, og kjekt!

2 kommentarer:

  1. Kjempe bra innlegg!!
    Like at du tar for deg kvar bokstav i alfabetet når du presentere KrF politikk!
    Du er DYKTIG!:D

    SvarSlett
  2. Takker :)
    Det er faktisk veldig lærerikt å gjøre det på den måten!

    SvarSlett