torsdag 9. april 2009

Midtausten..

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å skriva eit innlegg om det som skjer i Midtausten fordi det er ein så komplisert konflikt at det ikkje er lett å forstå den fullstendig (noko eg ikkje gjer, og har derfor lyst til å læra meir om den). Men for nokre kveldar sidan viste TV2 "Reflektor: På innsiden av Gaza". Ein ting som slo meg når eg såg det, var at dei lever eit utruleg annleis liv enn oss. Sjåarane fikk "bli kjent" med ein palestinsk mann, som trena opp unge menn i ei av dei palestinske gruppene mot Israel. Han hadde to gutar, på 3 og 4 år, som begge lærte å skyta med våpen. Det var dei ikkje aleine om, for mora deira dreiv på med det same. Borna som veks opp i familiar som er medlem av Hamas, eller andre grupper som er mot Israel, får inn hatet mot dei frå dei er små. Ein palestinsk unggut sa, "Hamas er mitt blod, alle vil ofre seg for Hamas". Ein far spurde den vetle sonen sin kva dei skulle gjera med israelittane, han svara "Drepe dem" og flirte. Ein anna mann i programmet skildra Palestina med "Vi er ikke en stat, vi er bare en gruppe som jobber for Allah for å jage fienden ut".

Konflikten i Midtausten er ikkje berre ein konflikt mellom to folkegrupper, to statar, som eg fyrst trudde, men noko meir. Den skaper frykt, fenger og interesserer dei fleste med mediadekning. Mange velg å ikkje bry seg om den, for dei kan ikkje gjera noko med det uansett. Andre igjen viser kven dei høyrer med, ved å bruka skjerf, gå i demonstrasjonar og å skriva blogginnlegg, etc. Sjølv er eg Israelvenn, men er likevell ikkje einig i alt Israel gjer. Kjell Ingolf sa ein gong at som ein venn må me sei ifrå at det dei gjer er gale, noko som er veldig klokt sagt. For eg håpar konflikten i Midtausten snart blir eit avslutta kapittel, og eg håpar det ikkje tar for lang tid, men det trengs meir enn ein fredsavtale for å få det gjennomført.

Dokumentaren som vart vist på TV2 viste godt korleis palestinarane har det i midtøsten. Korleis det er for dei å leve, sørgje og dø på grunn av konflikten. Det eg sakna var korleis det er for israelittane, deira sia av saka, for den mangla.

Bilde:
nrk.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar