onsdag 15. april 2009

Komunen min..

Som dei fleste andre i Noregs vidstrakte land, kjem eg frå ein kommune. Fleire bygdekommunar i Noreg har økonomiske problem, også Kvam Herad. Det kjem stort sett av den store skulestriden som etter å ha pågått i fleire år, endeleg er avgjort. Det store problemet i denne, og andre saker, er at kommunen min inneheld to tettstadar som konkurerar mot kvarandre. No vil den eine tettstaden, Øystese, byggja eit badeland, og kjem truleg til å få støtte frå kommunen. Når ein veit at komunen har gjeld, og innfører eigedomsskatt for å minske den, er dette heilt feil prioritering. Det burde heller bevilges pengar til veiane som er i dårleg stand, og til andre ting, til dømes eksungdomskulen i Norheimsund som er for dårleg til at ungdomskuleelevane kan gå på den, og no kanskje skal brukast av barneskuleelevar. Eg meinar at komunen heller bør ta vare på det dei alt har, enn å stadig bygga nye ting, iallefall når det ikkje gjeld noko viktigare enn eit badeland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar