tirsdag 28. april 2009

Communication


Communication er fransk og betyr samferdsel, derfor skal eg fortelja litt om det nå. Hovedmålet til KrF er å utvikla eit sikkert, miljøvennleg og effektivt transportsystem, og ein del av visjonen er at ingen skal bli skadd eller drept i trafikken.


Elevar på vidaregåande skular som skal ta lappen må forberede seg på mykje fravær i skulen og fritida. Dette vil KrF gjera noko med, og har derfor skrivet i programforslaget (2009-13) at føreropplæringa bør tilbys som fag i den vidaregåande skulen. I tillegg må den styrkast ved at det blir lagt meir vekt på etikk og gode holdningar, slik at ferske sjåførar skal bli tryggare i trafikken og skape færre ulykker. Noko som er med i utviklinga av eit sikkert transportsystem. Eit hinder i denne utviklinga er alkohol. Derfor vil KrF styrke kampen mot rusbruk i trafikken med oftare kontrollar, og etikk i trafikkopplæringa.

Noreg er eit land som slit med luksusproblem som overvekt. Eit verkemiddel som kan hindre dette, og unødvendige utslipp av eksos, er utbygging av samanhengande sykkelveinett i alle byar. For det er ikkje berre miljøet ein kan redda ved høgare bruk av sykkel, men også helsa.

KrF vil at kollektivtilbodet skal vera tilgjengeleg for alle. Det må derfor tilretteleggast betre for menneske med funksjonshemmingar, slik at dei òg kan køyra kollektivt utan problem. Det er ikkje berre dei som kan ha problem med å forflytta seg frå A til B, men for fleire fattige studentar kan det bli for dyrt. Me vil derfor innføra ungdomskort og sikre studentrabatt i all kollektivtrafikk. For studentrabatt er det til dømes ikkje på lokale bussar der eg bur.

KrF har fleire tiltak for eit meir miljøvennleg transportsystem, og meiner at Noreg bør bli eit føregangsland på dette feltet. Det er eit mål at fleire skal velge kollektivtransport, og ein må derfor få fleire avgangar, raskare framkommeligheit, betre tilgjengelegheit og lågare pris. Fordi biltrafikken slepp ut mykje miljøskadelege stoffar og forurensar lufta i byane vil KrF at kollektivtransporten skal prioriterast. Til dømes vil KrF satse på jernbanen, og styrke den allereie eksisterande med betydelige investeringar, i tillegg til dobbeltspor på viktige strekningar og høghastighetstog. Det bør også innførast klimaavgift på flyreiser der pengane går til klimatiltak i fattige land.

2 kommentarer:

  1. Utrolig bra denne gjennomgangen av hva Krf står for. Særlig for meg som er litt ny i gamet.
    :)

    SvarSlett
  2. Takk, kjekt å høre!
    Er veldig ny i gamet selv, men lærer mye av å skrive blogginlegg!

    SvarSlett