torsdag 26. mars 2009

(mangelen på) Dagens psykologitilbud..


Etter trippeldrapet sist helg, har psykiatri vert eit aktuelt tema i media. Det er ikkje rett at noko slikt må skje for at våre kjære stortingsfolk skal lata opp augo å sjå kor dårleg psykiatritilbudet er i Noreg. I dag på nyheitene på P4, sa dei at i gjennomsnitt må to kommunar dela på ein psykolog som er ansatt i kommunen (http://www.p4.no/story.aspx?id=305038). Når ein veit at det er mange som slit med psykiske problem her i landet treng ein ikkje å tenka lenge for å finna ut at dagens tilbud er alt for dårleg. Det politikarane kanskje ikkje veit, er at 1 av 10 ungdommar slit, eller har slitt, med depresjon. Når den ungdommen, eller vaksne personen for den del, må reise til nabokommunen i ein slik forfatning at ein ikkje greier å køyra bil, og på langt nær greier å køyra buss, kan ein lett tenka seg at kanskje vi treng fleire psykologar i nærmiljøet (det hjelp ikkje så mykje om ein får tredve nye på Haukeland om ein fortsett må reisa til nabokommunen for å få psykologisk hjelp når ein treng det umiddelbart).

Eg går på Framnes Kristne Vidaregåande Skule, her er det helsesyster 3 timar i veka, og lege 2 timar (det er vertfall det det står på døra, men det var ikkje lett å finna). Me er i alt 269 elever her på skulen, og 18000 sekunder delt på 269 elever, blir 1 minutt og 7 sekund på kvar elev (om ein berre tel med helsesyster er det 40 sekund). Selfølgeleg treng ikkje alle elevane å besøka helsesyster, men når ein veit at 1 av 10 slit med depresjon, bør ein vertfall rekna med at dei som slit treng meir enn 10 minutt kvar i veka hos helsesyster. (Til Framnes sitt forsvar har me skuleprest ein kan snakka med, om ein treng det i tillegg). Nokon syns kanskje det er skummelt å gå til helsesyster når alle kan sjå kor du går, og legga merke til at du er vekke frå timen. Derfor syns eg Kjell Ingolf sitt forslag om helsetilbud på kjøpesenter er eit veldig bra forslag, som kan føra til at fleire får den hjelpen dei har rett på.

Men det er ikkje berre det at det er for dårleg skulehelsetjeneste og psykolog- tilbud her i Norge. Institusjonar som skal hjelpa menneske med psykologiske problem, har mista mange plassar dei siste åra (har ikkje talla i hovudet). Rettspsykiater Kjell Noreik seier til NRK anngående trippeldrapet sist helg; "En av grunnene en kan tenke seg er at psykotiske pasienter holdes kortere tid i institusjonene og kommer ut for tidlig. Dermed er de ikke så friske som de burde vært når de blir skrevet ut, sier han" (VG). Altså, dei personane som er så heldige å få plass på ein slik instutisjon, får ikkje eingong lov til å vera der så lenge som dei treng. Allikevel sier Jens stoltenberg at mye er gjort i psykologien (http://www.p4.no/story.aspx?id=305003). Då lure eg på kva som er gjort, og kor dårleg tilbudet var før? Til slutt vil eg anbefala dykk å sjå Brennpunkt frå NRK den 3.2 i år, for å få eit innblikk i den psykologiske behandlinga i fengsel (eller mangelen på den) -> http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/452179.

2 kommentarer:

  1. Ahh! Engasjert ungdom!

    No veit eg ikkje om tilbodet på helsesyster vert eit slåande argument på Framnes då - som du seier - de har både skuleprest og miljøavdeling som dels avlastar helsesøster når det kjem til personlege samtalar, etc.

    Det som derimot verkeleg kan vega tungt i ein diskusjon er - som du seier - den manglande satsinga på psykisk hjelp innad i fengsla. Er det ikkje nett her ein verkeleg treng kompetente menneske å snakka med?

    SvarSlett
  2. Takk for komentaren, alltid kjekt :)

    Er enig i at ein treng kompetente menneske å snakka med i fengsel, vertfall om ein har psykiske problem! Dokumentaren fra Brennpunkt handlar om det! Den er verdt å sjå!

    Veit Framnes ikkje er beste eksempel pga at dei både har skuleprest og fleire miljøarbeidarar, men det var berre derfrå eg kunne få sikkre tal når eg skreiv innlegget. Kunne kanskje brukt dei som vart nevnt på Vårkonferansen, men huska ikkje om det var Vestfold eller Østfold.

    SvarSlett